Del Skriv ut Legg til bokmerke

Historier

» Vis alle     «Forrige «1 ... 199 200 201 202 203 204 205 206 207 ... 396» Neste»     » Lysbildefremvisning

Jens Jacobsen Bull (Forklaring på hvorfor vi ikke finner Johanna Margaretha hverken døpt eller gift i kirkebøkene fra Time)



Media TitleJens Jacobsen Bull (Forklaring på hvorfor vi ikke finner Johanna Margaretha hverken døpt eller gift i kirkebøkene fra Time)
Media NotesNotater : Time, Lye 154. Østlandsslekten (Tønsbergslekten) Bull 91.3k. Tønsbergs Historie bind III, del 2, s.1155.3g.

Jens var prest på Lye 1753-1800. Han var fødd 1718, døypt 17. februar i Tønsberg, der far hans var kjøpmann. Faddere: "Maren sal. Hr. Otto Ørbech's Kirsten Mogens Henrichsen's, Hr. Jens Ørbech, Ejlert Henrichsen, Nicolay Nørholm". Faren var komen frå Danmark og heitte Jacob Jacobson Bull. Mora, Marta Ottesdtr. Ørbech frå Ringebu, var av norsk ætt. Dei hev jamvel i seinare tid funne ut at ho var ætta frå Halvdan Svarte. Jens Bull gjekk på skule i Helsingørog vart student i 1736, cand.teol. 1739. Denne "yngste av Jacobs 12 søner" vart 6.oktober 1742 sett til hjelpeprest hjå Gert Faye i Holt, men da kallet ved Fayes døde vart delt, tok Bull same år avskjed fra menigheten, og reiste til København for å "sollicitere", bestyrte herunder 1752 i 1-1/2 år i vacansen Lyderslev kall på Sjælland. Vigd til prest i 1743. 23.februar 1753 vart han sokneprest på Lye og var komen i kallet før 19.november same år. 2 år seinare 16.september 1755 vart han gift med Akseliane Christine Smith, f.20.9.1737, dotter til stadskaptein og kjøpmann Lauritz Andersson Smith og kona Johanna Margareta Leigh. I 1757 vart han prost, som han var til 1771. Han hev alltid vorte kalla "prosten på Lye". Akseliane døydde 23.november 1762, gravlagd 20.november i open gravstad i koret i Domkyrkja. Dei hadde hatt minst 5 born, av dei var det 3 døtre som vaks opp. Noko seinare vart Jens gift med Kirsten Vincentsdtr. Stoltenberg, Tønsberg (sjå denne). Med henne hadde han 4 born. Jens Bull hadde mykje sorg i huset. Verst var det visst då dei to sønene bleiv i Hinnalands-tjørnet 3. adventssundag 1785. Den andre kona hans døydde 1772. Men alt bar han med kristelegt tolmod.

Når ein leitar etter noko som hev hendt i dei mange åra han var prest, so vert ein ikkje alltid glad med Jens Bull. Kyrkjeboki hans er ei av dei verste bøker ein kan få tak i. Stygt skreiv han og so smått at det mest ikkje er lesande, og det verste er at mange av dei ting ein leitar etter, slett ikkje finst i boka. Han kjende alle folk i bygda, og det leit han på. Det ser ut som han hev vore i kyrkja, døypt born og gravfest lik o.s.v., men ingen ting skrive før han kom heim. Då skulde alt skrivast etter minnet. So gløymde han mange ting, skreiv galne namn og bokførde mange ting soleis at ingen no finn meining i det. Men endå hev han hatt ei makt i kyrkjelyden som ingen annan prestder i soknet. Derfor hev han vorte meir enn ein vanleg pret. Når folk i gamle dagar ville rosa ein prest, so kunne dei aldre gjera betre enn som so:" Det var mest som du skulle høyrt gamle prosten på Lye". Hjå honom søkte folk råd i alle sorger. Han visste råd for alt, og han hadde makt til alt. Mangla dei pengar, so kunne han låna deim. Hadde dei mist ein ting so fekk dei preten til å "syna att". Dei trudde han hadde "Svarteboki", og han hadde slik mannakjennskap at han mest alltid fekk den skuldege til å ganga ved det han hadde gjort. Ein dugande talar må han ha vore. Både bispar og andre let vel når dei hadde høyrt han. Då han vart gamal hadde han jamt hjelpeprest.

Ingen av de 3 sønner nådde voksen alder, men på kvinnesiden har prosten en stor etterslekt av navnene Kielland, Arentz, Scheel, Zetlitz m.fl. To av hans døtre i 1. ekteskap er oldemødre til forfatteren Alexander Kielland. Hans 2 døtre i 2. ekteskap giftet seg med bønder i Lye, og deres etterkommere har delvis opptatt navnet Bull som slektsnavn. Tok avskjed som prest 1800 med 100 rdl. i pensjon av kallet og fikk bruke et stykke av Lye-marken som kaltes Garpestad-slåtten.

Videre fortelles i et brev - dat. 4.1.1887 - fra kirkesanger Vellesen til daværende cand.jur. Marc. Bull:"Om sogneprest Bull gik der mange sagn. Han var begavet med spådomsånd, bl.a. forutså han, at den 7de prest i embedet efter ham skulde opdyrke en større myrstrækning mellem prestegården og Vestly og vilde komme til at ende sine dage i prestegjeldet ligesom ham selv. - Sogneprest Gunnerus (Ditlef Bernhardus Gadbusch Gunnerus, d.1872 på Lye præstegaard) var den 7de prest og han opdyrkede straks, han hadde tiltraadt embedet, omhandlede myrstrækning - og fik først senere høre om spaadommen. Gunnerus døde paa prestegaarden efterat ha tat avsked og besluttet at tilflytte Hamar". - - "En søndag Bull forrettet i annexet Gjæsdal, druknet to av hans sønner ved at flade igjennem isen paa Hinnelandstjernet ikke langt fra prestegaarden. Han merket det paa sig under gudstjenesten, avsluttet denne snarest og reiste hjem. Da man der fortalte ham den sørgelige begivenhet, sa han, at han allerede vidste det".

Barn i første ekteskap som vokste opp:

a. Johanne Margrete, f.21.7.1756, d.31.3.1818, g.m. agent Gabriel Schanche Kielland.

b. Marta Dorothea, dpt. 29.7.1757, d.17.2.1827, g.m. krigskommissar Hans Sigvard Arentz.

c. Maren Elisabeth. dpt. 11.9.1761, d.28.1.1801, g.m. presten Jens Zetlitz.

I andre ekteskap:

d. Akseliane Kristine Jensdtr. Bull (sjå denne), f.1765, konfirmert 1775, g. 7.12.1789 m. Ola Olson Eikeland, Time.

e. Vincents, f.1767, konf. 1779, d. 11.12.1785.

f. Karen Pernille, f.27.3.1769, konf. 1779, g.6.12.1790 ,. Per Torleivsson Tjensvoll. Dei budde på Norheim.

g. Jakob, f. 1771, d. 11.12.1785.
Linket tilJohanna Margaretha Bull

» Vis alle     «Forrige «1 ... 199 200 201 202 203 204 205 206 207 ... 396» Neste»     » Lysbildefremvisning





Sidene drives av The Next Generation of Genealogy Sitebuilding v. 14.0.5, skrevet av Darrin Lythgoe © 2001-2024.

Redigert av Slekten Kielland. | Retningslinjer for personvern.